«Volleyball er ikkje berre ein lidenskap, det er livet»
Sille Tars (leiar)

Når sesongen 2023/24 startar har volleyballgruppa fem lag, men vi har som mål på sikt å kunne tilby volleyball til alle aldersgrupper – både jenter og gutar. Når folk høyrer ordet volleyball, tenker dei gjerne på det som ein sport for ungdom og vaksne. Mange har i tillegg høyrt om sandvolleyball. Trio Volleyball har hovudsakleg tilbod til denne gruppa i dag, og arrangerer sandvolleyballdagar gjennom sommaren.

Det mange ikkje veit er at ein faktisk kan driva med volleyball frå ein er 5 år gamal. Minivolleyball og teenvolley, der ein speler med tre spelarar på mindre banar, er meir ukjent for folk flest. Dette er ein flott måte for barn og ungdom å bli kjent med sporten vår, der dei kan bygga seg opp nivå for nivå. Minivolleyball startar nesten som ein leik der ein får lov til å halde ballen, til å læra seg volleyballslaga og til slutt spela vanleg volleyball med færre spelarar.

I haust utdannar vi to ungdommar til å bli trenarar, men vi treng fleire folk! Kunne du tenka deg å bli trenar, men er litt usikker på kva som krevst, finn du meir informasjon her.