For å vere medlem i Trio må ein betale medlemskontingent. Medlemskontingenten fakturerast på starten av året, og gjelder for eit kalenderår. Kontingenten blir delt mellom alle gruppene, hovudlaget og Triohuset.

Vi har følgjande medlemskategoriar:

MedlemstypeKontingent
Born under 16 år250,- per år
Vaksen over 16 år500,- per år
Støttemedlem (ikkje aktiv)250,- per år
FamiliekontingentMakspris kr 750,- per år for heile familien

Dei ulike gruppene (idrettsgreinene) kan i tillegg senda ut krav om treningsavgift. Treningsavgifta går uavkorta til den gruppa som krev den inn, og brukast til å finansiere aktiviteten i den aktuelle gruppa. Treningsavgift kan komme som eit krav for heile året, eller som to krav delt mellom første og andre halvår.

Det er ein viktig målsetnad å halde medlemsbetalina så lav som vi kan. Born frå familiar med særlege betalingsvanskar kan bli fritatt for treningsavgift. Kontingenten må betalast av alle, dette er eit krav frå Norges Idrettsforbund.