Symjegruppa i Trio legg til rette for symjing for barn og vaksne med ulik symjeferdigheit:

  • Symjeskule for barn som lærer å symja (kurs på ulike nivå).
  • Rekrutt-gruppa for barn som er symjedyktige (fullført Symjeskule eller tilsvarande (200 m i eitt)).
  • Konkurranse-gruppa for barn/ungdom som ynskjer å delta i symjestemner.
  • Masters-gruppa for vaksne som ynskjer å halda symjeferdigheitene ved like (inkl. Triatlon-konkurranse). 

 

Symjinga går føre seg i bassenget ved Undarheim skule på Husnes (25 m / 6 banar).

 

For meir informasjon om Symjeskulen og treningstider for Rekrutt-, Konkurranse- og Masters-gruppene klikk lenkjene over.
Kontaktinformasjon til symjegruppa og styret finst lenger nede på denne sida.

 

Kapasiteten i symjegruppa er diverre lågare enn tidlegare pga. mangel på instruktørar etter pandemi og stengt basseng over lang tid. Me vonar å auka aktiviteten, men er avhengige av at foreldre og tidlegare aktive symjarar har høve til å vera med som instruktørar/trenarar/badevakter.

 

Symjeskulen og dei andre gruppene har vore i gang att sidan hausten 2021 og me ynskjer særleg tidlegare konkurranse- og rekruttsymjarar velkomne attende i bassenget – ta kontakt!

 

E-POST TIL SYMJEGRUPPA (faktura, informasjon mm.):
symjing@il-trio.no

STYRET I SYMJEMEGRUPPA 2023:

Geir Ove Eikemo (fungerande leiar og symjeskuleansvarleg)
Telefon: 472 83 223
E-post: geirove87@hotmail.com

Kristin Milde (skrivar)
Telefon: 995 03 678
E-post: kristinmilde@hotmail.no

Tor Opsanger (kasserar)
Telefon: 957 68 154
E-post: tor.opsanger@gmail.com

Tomas Isaac Woldegabir (styremedlem)
Telefon: 462 16 998
E-post: thomasisaac22@yahoo.com

Følg oss på Facebook