Sjølv om idretten i landet vårt hadde vore organisert gjennom Norges Idrettsforbund, stifta i 1861, var det ikkje før i 1940-åra at det kom idrettslag på Husnes, Sunde og Valen. På eit møte i Friheim i januar 1946 (27/1) slo dei 64 frammøtte frå dei 3 laga seg saman og skipa IL Trio, med grupper for fotball, friidrett, handball og vinteridrett.

Valen sjukehus sin idrettsplass sto ferdig i 1950 og Valen nye skule med gymsal i 1957 medførte betre forhold. Då Sunde nye skule sto ferdig i 1964, fekk laget turngruppe. Sidan vart det også symjegruppe, då Husnes ungdomsskule vart teken i bruk i 1970. Volleyballgruppa kom i 1974. Ein draum vart røyndom då Husnes idrettspark vart opna i 1975 og Husneshallen i 1991. (red.anm: Hausten 2005 realiserast ein ny draum, når Kvednabekkjen kunstgrasbane venteleg står ferdig. Pr dato er elles handballen etablert i eigen klubb, Kvinnherad HK.)

Laget sitt arbeid for born og unge tok til i 60-åra. Dei fleste familier i dei 3 bygdene har hatt tilknyting og kontakt med laget, gjennom idrett og arbeid for laget – og gjennom lagsbladet Kontakt, som har kome ut årleg sidan 1969. Auke i folketalet, utvikling av skuletilbod og næringsliv etter at Sør-Al starta produksjonen i 1965, har prega lagsarbeidet. Triohuset sto ferdig i 1985 og Tribunehuset, reist av Fotballens venner i 2000, vitnar om stor velvilje og dugnadsinnsats.

Betre tilhøve har gjort at IL Trio i desse året har kunna ta på seg tilskipingar, der dei største har vore:

1975: fotballkamp U-landslaget-Viking, ved opninga av Husnes idrettspark
1976: KM friidrett senior
1981: Barnekretsturnstemne
1983: Vaksenkretsturnstemne, KM friidrett gutar og jenter
1992: Landskamp volleyball kvinner, Noreg-Latvia
1994: Nordisk meisterskap friidrett, kvinner junior
1999: Sommaridrettsleikene

(Redigert utdrag frå årsmelding for IL Trio 1999, v/ leiar Tjerand Lunde.)