Kan du tenka deg å bli trenar?

Trio Volleyball ønskjer at alle barn og unge skal ha eit volleyballtilbod. For å få dette til treng vi fleire trenarar. Kan du tenka deg å bli trenar, men synes det er litt skummelt? Kvifor ikkje gjera som Elisabeth, Bjørn og Sigrid – slå deg i lag med andre for å dela på ansvaret!

Trenar-trioen for Volleyball jenter 13 – 14 år. Elisabeth (frå venstre), Bjørn og Sigrid.

Er ein fleire i lag har ein nokon å diskutera med, du får betre tid til kvar enkelt spelar og om du er sjuk eller skal reisa vekk er det alltid nokon andre som kan ta ansvar for treninga . Har du ingen erfaring frå før gjer det ingenting. Du kan spørja oss som allereie er trenarar om hjelp, og om du har treningstid samstundes som eit anna lag kan du bruka trenarane på det andre laget som sparring-partner!

På nettet finn du også mange kjekke videoar. YouTube og Instagram er gull verdt, men vi vil spesielt anbefala Norges Volleyballforbund sine nettsider. Her finn du mange kjekke videoar for dei ulike aldersgruppene og nivåa.

  • Minivolleyball
    • Aktivitet for barn og unge i alderen 5-12 år. Delt inn i ulike nivå der lågaste nivå startar med å gjera volleyball-liknande rørsler, men der ein hiv ballen til kvarandre. Litt etter litt lærer ein seg vollyballslaga og går opp i nivå. Laga består av 2-3 spelarar på mindre bane. Ein reiser på turneringar (dagsturar).
  • Teenvolley
    • Teen-turneringane (dagsturar) er opne for spelarar frå ungdomsskulealder og eldre (13-19 år). Kvart lag har 3 spelarar og spelar på mindre bane. Nivå 1 i teen tilsvarar nivå 3 i mini. Passar for dei som framleis treng å øva på ferdigheitene sine før dei går over til «vanleg» volleyball, eller dei som slit med å stilla eit lag med 6 spelarar.
  • Ungdomsserien
    • Seksar-volleyball for junior. Blir spelt som enkeltståande turneringsdagar i kvar region. Serien er delt inn i klassane U15, U17 og U19.

Ønskjer du å læra meir om volleyball får du dekka trenarkurs og/eller dommarkurs av klubben.

For å kunne bli trenar i Trio må du skaffa deg ein politiattest. Informasjon om dette finn du på Trio sine nettsider.