KVALITETSKLUBB

IL Trio har i 2019 jobba for å bli godkjend som ‘Kvalitetsklubb Nivå 1’ i henhold til NFF. Dette lukkast klubben med og vart formelt sertifisert 7. september 2019.
Hordaland Fotballkrets (HFK) er godkjennande organ.
Frå NFF: «Målet er å stimulere til god klubbutvikling som vil forsterke helheten. Godt strukturerte klubber tiltrekker seg frivillige og gir grobunn for sunn barne- og ungdomsidrett».

Det ligg definerte krav innan følgande område:
  • Aktivitet
  • Organisasjon
  • Kompetanse
  • Samfunns- og Verdiarbeid

Formålet med dette arbeidet og dokumentasjonen som no er på plass er:

  • Gjera informasjon enkelt tilgjengeleg for alle involverte partar.
  • Sikra felles retningslinjer for aktivitet på- og utanfor banen – «slik gjer vi det i Trio».
  • Bevisstgjering og etterleving av klubbens verdigrunnlag, med fokus på GLEDE med fotballen.
  • Bygga ein sterkare klubb og klubbmiljø.