Kvalitetsklubb
KVALITETSKLUBB
IL Trio er godkjend som ‘Kvalitetsklubb Nivå 1’ i henhold til NFF. Dette lukkast klubben med og vart formelt sertifisert 7. september 2019.
Hordaland Fotballkrets (HFK) er godkjennande organ.
Frå NFF: «Målet er å stimulere til god klubbutvikling som vil forsterke helheten. Godt strukturerte klubber tiltrekker seg frivillige og gir grobunn for sunn barne- og ungdomsidrett».
Det ligg definerte krav innan følgande område:
- Aktivitet
- Organisasjon
- Kompetanse
- Samfunns- og Verdiarbeid
Formålet med dette arbeidet og dokumentasjonen som no er på plass er:
- Gjera informasjon enkelt tilgjengeleg for alle involverte partar.
- Sikra felles retningslinjer for aktivitet på- og utanfor banen – “slik gjer vi det i Trio”.
- Bevisstgjering og etterleving av klubbens verdigrunnlag, med fokus på GLEDE med fotballen.
- Bygga ein sterkare klubb og klubbmiljø.