Fotballgruppa i IL Trio er klubbens største grein og vi ynskjer å tilby sunn, trygg og kjekk aktivitet for alle.
Friidrettsgruppa til Trio er i god vekst og har aukande aktivitet. Særleg arrangementa Triostafetten og Løveleikane er flotte tilstelningar med stor idrettsglede.
Det er stor optimisme i symjegruppa til Trio. Engasjerte ungar og vaksne skapar liv og røre i symjehallen på Husnes.
Trio turn har lang røynsle med idrett for born og blir sett på som ein god start for born sitt møte med fysisk aktivitet og idrettsglede.
Volleyballgruppa i Trio består av omlag 60 aktive spelarar. Store og små er i full sving I hallen, omtrent kvar einaste dag
Basketballgruppa til Trio er under etablering, og har foreløpig eit lag for gutar fødd i 2012 og 2013
Etter initiativ frå både lokale interessentar og idrettslinja ved Kvinnherad Videregåande Skule har Trio eit ynskje om å etablere ei E-sport gruppe underlagt Norges E-sportforbund