Laga innkvarterast på skular som ligg ved (i) Husnes idrettspark.

For andre tilreisande:
Merk: Husnes Hotell er frå hausten 2019 opna igjen!

Overnatting i Husnes-området:
Husnes sentrum hotell, Husnes, tlf 97546369
Husnes Camping, Husnes, tlf. 534 73 252
Solheim Turiststasjon, Uskedalen, 534 86 039
Rabben Camping, Uskedalen, 534 86 150
Rosendal Fjordhotel, Rosendal, 534 88 000

For båtfolket:
Husnes Båthavn, Husnes www.husnesbaathavn.no
Sunde Båthamn, Sunde, tlf. 915 15 175

For bubilar:
Anbefaler Husnes Camping eller Husnes Båthavn (sjå over).
Evt ta kontakt pr. e-post: post@il-trio.no

Om lag 10.000 menneske har mindre enn 15 minutt køyring til Husnes sentrum. Husnes Storsenter er blitt eit flott kjøpesenter med flott uteareal og shoppingtilbod. Husnes har eit rikt aktivitetstilbod. Kvinnherad Golfklubb har eit flott anlegg både med klubbhus og 9 hols bane. Det vidkjende Husnes Båthamn ligg i tett tilknyting til Søral-parken, som inneheld banar for tennis, fotball og sandvolleyball.

Halsnøy er knytta til fastlands-kvinnherad med Halsnøytunellen. Det bur om lag 2500 menneske på Halsnøy. Frå Sæbøvik sentrum til Husnes sentrum tek det ca. 10 minutt med bil.