Onsdag skipa friidrettsgruppa til seriestemne på Husnes stadion. Det vart konkurrert i 60 meter hekk, 600 meter, høgde, lengde og kule. I tillegg var det 5.000 meter for senior. Totalt var det 32 deltakarar og vedlagt er resultatliste.

Andrei tok 4 medaljar i Tyrvingleikene!
Vi tek også med at Andrei Bringedal (12) forrige helg deltok på Tyrvinglekene i Oslo. Her tok han gull i lengde med 4,48 meter. På 60 meter vart det sølv blant over 30 deltakarar med den sterke tida 8,58. Også på 600 meter vart det sølv blant 25 deltakarar med tida 1.51,20, noko so. Og sanneleg tok han ikkje også sølvmedalje på 200 meter (29 deltakarar) med tida 27,65, m er ny personleg rekord for Andrei

Sigershoppet i lengde. Foto: Tor Harald Bringedal.
Andre henta seg heile 4 medaljar i Tyrvinglekene. Foto: Tor Harald Bringedal.