Som alltid vart Løveleikene ein festdag utan like, då 87 påmeldte deltakarar med utviklingshemming var samla til friidrettsstemne på Husnes stadion laurdag. Eit velsmurd arrangement gjekk 100 % på skinner og kun blide og begeistra menneskjer var å sjå. Både deltakarar, funksjonærar og andre tilstadeverande.

Det vart “konkurrert” i øvingane kule, liten ball, lengde, 40 meter, 60 meter, i tillegg til ein stasjon med boccia. Ein godt organisert rotasjonsplan gjorde at alle som ville fekk prøvd alle øvingar. Trass i oppfarande vergudar elles i helga, vart vi som vanleg beæra med kjempeflott ver – vindstilt, gløtt av sol og berre ei regnbyge på tampen. Og i kiosken var det gratis pølser og kaffi å få, kva meir kan ein ønskje seg?

Tusen takk til alle involverte og bidragsytarar, frå deltakarar, funksjonærar, til sekretariat, maskotar, kioskpersonale. Samt til Ordin og Husnes Storsenter for lån av maskotdrakter og Trond Martin Bjelland for lån av minibuss til transport. Og til Lions og vår viktige økonomiske bidragsytar Sparebank1-stiftinga Kvinnherad. Utan alle dåke hadde vi ikkje fått det til.
Vi kan allereie her og no love at det blir Løveleiker i 2025 også :)

Arne Torget ønskte velkomen og fungerande ordførar Thea Vaage opna leikene.
Funksjonærstaben klare til aksjon før det heile braka laus.
Maskotane med internduell på 60 meter som oppvarming.
Arne tek opprop av første gruppa på stasjonen for kulestøt.
God stemning på stasjonen for liten ball.
Det var mange spenstige lengdehopp.
Stemnets yngste deltakar Linde Emmelin Sjo Hoem poserer med Løva.
Eit par strekkskadar tåler vi når vi har både lege og sjukepleiar i arrangørstaben :)
Startdommar Dagfinn Jensen gjer klart eit heat på 60 meter.
Høna og katten var populære. Her i passiar med brødrene Christoffer og Filip Lauritzen.
Andreas sørger alltid for god stemning :)
Løveleikene kjem med godversgaranti, også dei helgene Festidalen reknar bort.
Maud Sivertsen avbilda med alle fem maskotane.
Linde langar ut i lengdegropa.
Eirik Nordal heilt opp mot persen i lengde.
Kiosken var tett trafikkert under heile stemnet.
Full fokus før starten på 60 meteren.
Boccia er alltid populært.
Randi Isabell Vikane med velfortent medalje og diplom.