Har oppdatert lagsrekordane etter at sesongen er over, og vi kan notere oss at vi faktisk har ein ny rekord i friidrett, som har gått oss ganske hus forbi i sesongen. Lagsrekordane gjeld senior, men 13-årige Alexandra Tveit Rosendal har ikkje vore verre på det enn at ho har sprunge 600 meter raskare enn nokon annan Trioutøvar tidlegare. Den gamle rekorden tilhøyrde Renate Haugs Kaldestad, som er ein av dei med flest Triorekordar i kofferten. Då ho sprang på 1.51,9 i 1998 var ho sjølv berre 16 år.
Men i år har altså Alexandra Tveit Rosendahl slått denne. Først med 1.51,41 under KM på Fana stadion, og sidan med 1.50,3 under Kvinnheradmeisterskapen på Husnes stadion for eit par veker sidan. Det er 20.beste tid i landet i år, og nest best av alle 13-åringar frå Hordaland.

Alexandra Tveit Rosendahl (13) i 2023 vs Renate Haugs Kaldestad (16) i 1998. Sjølv om Alexandra har sett lagsrekord på 600 meter, så har Renate framleis 6 rekordar å vise til.