Heile 26 deltakarar på kveldens seriestemne på Husnes stadion. Vi hadde lagt opp til eit ambisiøst øvingsprogram med diskos, slegge og kule på kastfronten, lengdehopp, samt løpsøvingar 40 meter, 60 meter, 300 meter og 5000 meter. Med noko større frammøte enn vi hadde venta, vart det heftig, men vi gjennomførte bortimot på skjema. Takk til alle som bidrog!
Vedlagt er resultater frå stemnet (12.august).