Årets Kvinnheradmeisterskap i friidrett gjekk av stabelen i flott, men kaldt haustver – og med rekordoppslutnad. 58 deltakarar i det ordinære stemnet og i tillegg 22 småtassar i det nystarta Knøtteløpet. Altså totalt 80 deltakarar. Eit titals frå Rosendal TL og Uskedal IL, resten i frå IL Trio. Det vart konkurrert i både løp (60 meter, 200 meter, 600 meter og 5.000 meter), hopp (lengde og høgde) og kast (slegge, diskos, kulestøt og liten ball). Særleg må vi nemne at det var heile 14 deltakarar i sleggekast. Det må vera ytterst sjeldan å sjå i eit friidrettsstemne i Hordaland.

Alexandra Tveit Rosendahl (13) har imponert veldig i haust, både i løp, høgde og her flyg ho både høgt og langt i lengde. Sjølv om laurdagens 4,35 meter er 29 cm bak persen.
22 smårollingar i alderen 2-5 år står klare for sin 100 meter. Foto: Are Ulseth.
5 åringane set av garde i stor fart. Foto: Are Ulseth
…og 2-åringane følgjer på som best dei kan.
Ådne Tveit Opsanger kjem først i mål av 13-14-åringane. Foto: Evelyn Opsanger.
12-åringane Ola, Iver, Casper og Paul i tett duell på 60 meter. Foto: Are Ulseth
Ådne Opsanger Tveit hoppa over 5 meter igjen (5,11). Foto: Evelyn Opsanger.
Første- og andreklassingane klare for pers i lengdegropa. Foto: Are Ulseth.
6-årsjentene stormar av garde på sin første 60-meter i karriera. Foto: Are Ulseth.
Tre raske karar i varierande alder på 5.000 meter: Kenneth Blom (60), William Samland Eik (15) og Erlend Jensen (30). Sistnemnte var raskast, og yngstemann nr 2. Kenneth er så vidt heimkomen frå VM i triathlon i Spania og “restituerte” seg inn på under 20 minutt.
Eilif Myklebust måtte kaste den tyngste slegga (7,26 kg), medan dei andre vaksne i konkurransen slapp med 6 kg. 21,64 meter let seg høyre. Foto: Are Ulseth.
Vaksne karar som kasta langt i både slegge, diskos og kule. Frå venstre Christoffer Fossli (Uskedal IL), Stig Berge-Soldal (Uskedal IL) og Eilif Myklebust (IL Trio). Dei to førstnemnte deltok sågar i lengde og høgde også. Foto: Gina Hella Berge- Soldal.
Når medaljen er sikra, nyter Ariel Kabbe Hauge (2) ei vaffel frå kiosken, som Lena Medhaug og fotballgruppa var så snille å stå for. Foto: Are Ulseth.
Premieutdelar Jostein Klette hadde sin fulle hyre med å dele ut medaljar til 12-åringane Ola Hermann-Fossli, Iver Hermann-Fossli (Uskedal IL) og Paul Ulrich Emmerhoff (IL Trio). Foto: Gina Hella Berge-Soldal.
Her har tvillingane fått selskap av Casper Aarsand Stensletten (Trio) for premieutdeling i slegge. Foto: Gina Hella Berge-Soldal.
Alle tre Kvinnheradsklubbane representert på pallen i kule for gutar 11 år. Nr 1 Viljar Hella Berge-Soldal (Uskedal IL), nr 2 Heine Sæverud Jensen (IL Trio) og nr 3 Iver Ijzermans (Rosendal (TL). Foto: Gina Hella Berge-Soldal.
Pallen for 60 meter jenter 11 år. 1.plass til Nomi Såtendal (Rosendal IL), 2.plass Lilja Handegard (Ran seilforening) og nr 3 Kristina Røssland (IL Trio). Foto: Gina Hella Berge-Soldal.
Pallen for 60 meter gutar 11 år. Nr 1 Viljar Hella Berge-Soldal (Uskedal IL), nr 2 Iver Ijzermans (Rosendal TL) og nr 3 Maximilian Majewski (IL Trio). Foto: Gina Hella Berge-Soldal.
Premieutdelinga er det store høgdepunktet. Her 6- og 7-åringane. Foto: Leif Thuland.
Knøtta nærmar seg målstreken på 100-meteren. Foto: Leif Thuland.
Mykje folk, både store og små, var samla på Kvinnheradmeisterskapen. Foto: Leif Thuland.
Snart må vi forlenge lengdegropa! Foto: Leif Thuland.