Foreldrekontakt
Foreldrekontakt
Vi treng 1-2 foreldrekontakter på kvart parti. Dette er ikkje ein stor jobb, men er viktig for å avlaste trenarar. Slik kan trenarane nytte tida si på å leggje tilrette for trening for borna som er variert og motiverende.
Oppgåvene til foreldrekontakten er mellom anna:
- vera kontaktperson mellom trenare og føresette
- setje opp foreldreturnus i samråd med trenar for mellom anna rigging av utstyr
- levera ut informasjon og papirer på trening
- ta i mot påmelding til stemner og aktivitetsdagar
- organisera loddsal
- å skaffe folk til klubben sine dugnader som til dømes juleavslutning