Tradisjonen tru arrangerte friidrettsgruppa mangekamp på Husnes stadion veka med skulestart. Dette gjekk over to ettermiddagar/kveldar. 10-12-åringane “slapp” med 4-øvingar, medan dei som er 16 år og eldre måtte gjennom 10 samfulle øvingar. Hardbart for dei fleste, og det på mykje kortare tid enn kva ein mangekamp gjerast unna på i meisterskap på TV. Konkurransens hardhaus må vera Sander Sæverud Jensen (17), som i tillegg til full 10-kamp også var med på bortekamp i fotball med juniorlaget til Trio. Og i nest siste øving varta han opp med ny pers i stavhopp, der han braut 3-metersgrensa!

Totalt var 11 gutar med i mangekampen. Resultatliste vedlagt under. I tillegg deltok også nokre andre på enkeltøvingar. Dei aller fleste var i frå IL Trio, men kjekt med ein stordagut med i mangekampen. Og i tillegg ein til frå Stord IL som tok turen over for å delta i diskos og spyd. Jacob Sæ Helland nytta høvet til å sette årsbestenotering i landet for 13-åringar med 33,75 i diskos!

Sander Sæverud Jensen (17) med ny pers og 3,00 meter i stavhopp.
Ådne Opsanger-Tveit kastar spyd berre ein gong i året, men klarte seg godt.
Jacob Sæ Helland (13, Stord IL) i spydkast. Men det var i diskos han varta opp med landets lengste diskoskast av ein 13-åring så langt i år.
Tett duell på korthekken mellom 14-åringane GIljar Saghaug Håland og Heine Sæverud Jensen.