Løp i idrettsparken på laurdag: Hiv deg med!
Laurdag er det duka for langløp i Husnes idrettspark. På 3 timar kan ein springe så langt ein vil, og ta så mykje pausar ein vil. I tillegg har vi klasse for lag, der ein kan stille i 3- eller 6-timarsklassen. Då kan ein dele på løpstida med så mange lagkameratar ein vil, og bytte så ofte ein vil. Meir enn konkurranse med andre, er dette ein konkurranse med seg sjølv. Og for dei aller fleste mosjon heller enn konkurranse. Du har vunne allereie i det du står på startstreken. Under kjem nokre ord frå ei av dei som skal delta.
Liv Jegteberg er utflytta kvinnhering og nyttar høvet til å besøke broren Frode i Rosendal når ho kjem hit for å springe, her ho gjekk på ungdomsskulen i yngre dagar. Ho ønskjer ikkje fokus på seg sjølv, men synest det er kjekt å motivere andre mosjonistar til å delta. «Meistring er ei fantastisk følelse», skriv ho til oss, og håpar fleire tek utfordringa med å bli med. Så er Liv ein mosjonist ivrigare enn dei fleste, og ho har gjort maraton til si greie. Løpet på laurdag blir faktisk hennar 44.maratonløp så langt i år, når ho som 66-åring er på veg til målet om 66 slike løp i løpet av 2026. Eit så hårete mål treng du ikkje sette deg, men det er veldig kjekt om du også blir med på laurdag. Liv rosar Trio og initiativtakar Frida for at vi får å gang eit slik arrangement.
Individuelt er interessa naturleg nok størst i 3-timarsklassen, som startar kl 13. Det er plass til mange fleire enno, påmelding fram til og med fredag. Liv og nokre få andre har også interesse av å få registrert tid på maraton under løpet, og det kan ein få om ein startar i 6-timarsklassen (start kl 10). Løypa er offisielt oppmålt og tilrettelagt for at rundepassering nr 61 blir på akkurat 42.195 meter. Og så er lagkonkurranse kanskje det som er aller kjekkast. Her kan ein få med familie, vener og kjente og delta anten i 3- eller 6-timarsklassen.
Hiv deg med du også, dette blir kjekt! 😊Link til påmelding.


