IL Trio friidrett kopierer suksessen frå i fjor haust, og inviterer til ultraløp i Husnes idrettspark: 3-timars og 6-timarsløp, også med moglegheit for å få registrert tid på maraton, før dei som ønskjer det. Laurdag 22.august med ei offisielt oppmålt sløyfe på 683 meter på og rundt Husnes stadion.

Her er det berre å melde seg på. Du har vunne allereie i det du står på startstreken, og bestemmer sjølv kor mykje og lenge du vil springe i løpet av dei 3 (eller 6) timane. Du kan delta individuelt, eller med eit lag. Få gjerne med deg fleire frå arbeidsplass, venegjeng eller familie. Ein kan også delta både invididuelt og på lag. Meir info på plakaten under.

Link til påmelding.