Det er dårleg med aktivitet på konkurransefronten også i friidrett i desse koronatider. I helga skulle Bergen City Marathon gått av stabelen. Men den gong ei. Eller kanskje litt likevel. Måten fleire av dei større løpa har gjort det på for å få inntekter og konkurransar, er nemleg virtuell løping. Då melder ein seg på løpet på nett og betalar ein liten startkontingent, for så å gjennomføre løpet på eiga hand. Med tidtaking med Strava eller liknande melder ein så inn resultatet i etterkant.

8 stk frå løpegjengen i Trio gjennomførte halvmarathon laurdag, med oppmålt distanse frå Holmedalskrysset på Utåker og til Husnes stadion (21,1 km). Altså ikkje noko organisert løp, men ein spring mot seg sjølv og klokka, og mange kunne vise til solide treningsøkter gjennom vinteren. Til ankomst Husnes stadion hadde nokre av dei som ikkje sprang ordna drikke, frukt og sjokolade. Litt drøs og sosialt med dei obligatoriske 2 meter i avstand, før ein gjekk heim for å dusje og evt melde inn si eksakte tid på BCM sine nettsider.

Ca-tider på gjennomført halvmarathon (heile minutt):
Morten Gravdal 1.31
Emil Stafsnes 1.34
Hildegunn Håland 1.34
Bente Hellevik 1.36
Fanuel Tewelde 1.37
Gunnar Vaage 1.39
Trude Sundsteigen 1.42
Frode Dale 1.51
I tillegg sprang Tor Harald 10 km frå Utåker til Valen.
Og frå BCM sine resultatlister må vi notere at valebuen Tarjei Tjeldflåt har klokka seg inn på 1.26.

Sterk tid av Morten, som var raskast med 1 time og 31 minutt.

Emil med ein solid pers i sitt andre halvmarathon.

Hildegunn persa med to minutt etter enorme treningsmengder i vinter.

Bente var dugeleg sliten etter 21 lange kilometer.

Fanuel (16) imponerte i sitt første halvmarathon.

Gunnar kom også inn under 1 time og 40 minutt.