
Vil du vera med å gjera ein forskjell? Fotballgruppa treng deg!
Trio Idrettslag er meir enn eit idrettslag – me er eit fellesskap av engasjerte menneske som kvar einaste veke bidreg til at barn og unge har ein trygg, lærerik og kjekk arena å møtast på. For å oppretthalda tilbodet er det tvingande naudsynt med folk som er med og drar lasset. No treng me fleire gode folk med på laget vårt – kanskje er det deg?
Banemester
Er du glad i å jobba ute og har eit auge for vedlikehald? Som banemester vert du del av eit team som har ansvar for ukentleg tilsyn og vedlikehald av kunstgrasbanene våre. Du må ha førarkort klasse T eller BE.
Medlem av Fair Play-utvalet
Brenn du for rettferd, respekt og gode haldningar på og utanfor banen? Som medlem i Fair Play-utvalet jobbar du for å setja Fair Play på dagsorden i klubben, og tek del i handsaminga av saker frå kretsen og andre klubbar. Ta gjerne direkte kontakt med Fair Play- og Inkluderingsansvarlig Maria Solheim Thorsen på msolhtho@hotmail.com eller telefon 928 47 906 for meir info
Materialforvaltar
Vår kjære materialforvaltar gir seg til hausten, og me treng hans arvtakar. Som materialforvaltar har du ansvar for å sikra at laga i klubben har det utstyret dei treng – til rett tid og i rett mengde. Du står for innkjøp og anskaffingar, og er kontaktperson for lagleiarar i utstyrsrelaterte spørsmål. Du sørgjer for at det praktiske ligg til rette for aktivitet – utan at du treng springa etter ballar før kvar kamp.
Jenteansvarleg
Vil du bidra til å skapa ein god plass for jenter i fotballen? Som jenteansvarleg leiar du jenteutvalet og jobbar for å leggja til rette for meistring, trivsel og utvikling for jentene våre – både på bana og i miljøet rundt.
Kva får du igjen?
Vi tilbyr ikkje løn, men du får noko som er mykje meir verdifullt:
- Kjensla av å bruka fritida di på noko som betyr noko
- Eit varmt fellesskap med andre frivillige
- Moglegheita til å påverka og utvikla eit tilbod som betyr alt for mange
- Ei kjensle av meistring og glede når du ser fruktene av innsatsen din
Ver med og bygg framtida i Trio Idrettslag – lagidrett handlar om meir enn berre idrett. Det handlar om menneske.
Nysgjerrig?
Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat. Me vil gjerne høyra frå deg – og me har alltid plass til fleire gode folk på laget. Kontakt leiar Eskil Moen på 994 46 602 eller eskil.moen@il-trio.no