Viktig støtte frå Sparebanken Vest
Biletet over: Vivi Tranøy Loftheim frå SPV (til venstre) i lag med Hanne Larsen, Fred Nilsen og Ann Helen Høivik Skogseth. Foto: Grenda.
Fotballgruppa søkte Sparebanken Vest sitt korona-fond om støtte for tapte inntekter i sesongen 2020 for dei tre største inntektskjeldene, Hydro Husnes Cup, TINE fotballskule og det årvisse fotballotteriet. Og i dag var Vivi Tranøy Loftheim frå SPV på besøk i Husnes idrettspark for å overrekkje ei gåve på heile 210.000 til Trio fotball.
Fotballeiar Fred Nilsen, kasserar Ann Helen Høivik Skogseth og nestleiar i IL Trio, Hanne Larsen, tok i mot gåva og uttrykkjer hjartans stor takksemd for gåva. Dette er uvurderleg støtte for å kunne oppretthalde aktiviteta.