Vi er glade og stolte over å presentere Bygger’n Teigen som IL Trio Fotball sin nye generalsponsor!

Bygger’n Teigen har lang tradisjon med å støtte lag og organisasjonar i kommunen, og vi er svært glade for at dei ønsker å stå saman med oss i perioden 2023-2027!

IL Trio Fotball har omkring 490 medlemmer i dag, og med eit sterk og tydelig samarbeid med Byggern’n Teigen vil vi kunne oppretthalde og forsterke aktiviteten i fotballgruppa. Dette gjer oss forutsigbare rammer for dei neste fem åra, noko som vi ser er viktig for kontinuitet i arbeidet i fotballgruppa.

Vi vil i same anledning få sende ei stor takk til alle frivillige som står på og gjer ein innsats for alle dei aktive fotballspelarane i klubben. Styret ser fram til eit innhaldsrikt 2023 saman med dykk!
Vi har fleire stolte samarbeidspartnarar vi vil presentere den neste veka, og innan kort tid vil vi også vise fram den nye drakta! Gled dykk!

Ein nøgd marknadsansvarleg i Trio Fotball signerer avtale med Byggern Teigen og Even