Fotballkretsen hadde meldt besøk til Trio G16-2 sin heimekamp mot Trott torsdag kveld. Kretsen prøver kvar månad å peike ut 1-2 fair play-kampar rundt om i Hordaland, men pga korona var dette første kampen av sorten sidan 2019. Kjekt at dei då veljer ut ein Triokamp. Så Anne Helene og Grethe fekk samla laga på Triohuset på kamp og heldt ein prat om korleis det har vore i og etter koronatida, og generelt om fair play, korleis vi oppfører oss og snakkar, og om å vera bevisste på kva ord vi brukar. Fair play-helsing med fotografering før kamp, og ein prat også etter kampen. Nyttig erfaring for våre gutar, og vi hadde samla nær alle 30 gutane på G15/16, sjølv om berre halvparten skulle spele i dag.

Då kampen rulla i gong fekk vi som venta mykje å stri med. Trott er seriens beste lag og første 25 minutta fekk vi ein leksjon. Vi prøvde å korrigere undervegs, for å kome meir oppi midtbanespelarane deira, samt prøve å halde kula meir i laget. Det kom seg siste kvarteret av førsteomgangen, men 0-2 var ei fortent pausestilling.

Andreomgangen vart mykje betre og vi klarte også å by på litt offensivt. Men framleis blir vi for stressa og ivrar for mykje i å slå gjennombrotspasninga med ein gong, mest i form av ei klarering. Defensivt fekk vi meir tak på Trott sin beste spelar og klarte å demme brukbart opp. Likevel fekk bortelaget to nye mål, medan vi sjølv måtte nøye oss med ei redusering på ein susar frå langt hald av Tristan.

No står to kampar att av sesongen, ein for kvart av laga våre. Og begge kampane er mot Fitjar. Først heimekamp for Trio 1 på laurdag, så borte for Trio 2 om ei veke.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: Trio G16-2 – Trott 1-4
0-1 (21 minutt)
0-2 (30 minutt)
0-3 (45 minutt)
1-3 (54 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
1-4 (60 minutt)
Trio sitt lag: Martin Fjellstad Smith, Edvard André Nessestrand Ingvaldsen, André Nordøy, Brage Kvandal, Håkon Georg Røssland, Vegar Seljelid Joleik, Brage Harsvik, Abdisalan Zekeriye, Tristan Thorkildsen Thorsen, William Røyrvik Heggøy, Elias Ulbi, Gunnar Eikemo Steine, Joar Langeland, Emil Haugan Solheim, Michael Løland.