G19, 3.div Hordaland, Trio – Trott 2-2 (2-1).

Det var 2 gode juniorlag utan poengtap i haust som møttes til dyst på Kvednabekkjen i kveld.  Godt med A-lag spelarar på begge lag. Våre gutar var påskrudd frå start og aggresive i ballpress. Dette ga gunstige gjenvinningar høgt i banen. Trio var klart best første halvtimen og fekk då også uttelling i målprotokollen. Mads kjem seg fri på høgresida etter 20 min og knallar inn 1-0 kontant i hjørna. Assist frå Mathias HE. Mathias gjer alt sjølv ikkje lenge etter og drar fram ei godt skjult venstre (??!!) slegge frå rundt 20m. Keeper fekk nesten opp armane på skuddet. Siste 10-15 av omgangen maktar vi ikkje holde oppe samme trykket i ballpresset og midtbanen vart muligens både litt sliten og litt for offensive. Dette gjorde sitt til at Trott kom noko lett gjennom i ein 2 mot 1 situasjon og redusering utagbart for Torstein i buret.

Trott startar best etter pause og har 2-3 svært gode ballspelarar som fekk litt for fritt spelerom i starten av andre omgang. Dei fekk i denne fasen og tildelt eit straffespark. Torstein som slit litt med ei hofte, gjer imidlertid ein klasseredning nede til høgre og får også slått ballen vekk frå farleg sone. Dette setter fyr på kampen og Trio overtar initiativet igjen. Neste 15-20 minutta produserer vi 4-5 store målsjansar som det er smått utruleg ikkje blir noko uttelling på. Her burde vi klart å punktera kampen, men greide det ikkje og då går det ofte sånn at bortelaget scorer i staden. Så også i dag, Trott utliknar etter eit kjapt teke frispark. Temperaturen er høg og det er mange herlege duellar, spesielt siste 20. Det ebbar ut med poengdeling, heilt OK det. Laga har ulike periodar dei er best. Trott brenn ein straffe, men Trio har fleire store målsjanser og er alt i alt nærmast seieren i ein herleg fotballkamp! Vi skal og vera nøgd med uavgjort mot 2001-årgangen til Trott som vi trur Trio aldri tidlegare har teke poeng frå opp gjennom åra. At det var enorm jobbing utpå der vart illustrert med at kanskje den best trente av alle (Mads) fekk krampe etter ein time (?!). Tidlegare Trio trenar Dikkie Stensohn var og strålande  nøgd med ein skikkelig tøff og god fotballkamp etter gammalt:-)

Frå sidelinja syns vi dag at dei eldste a-lag spelarane sto mest fram, slik det bør vera i ein slik kamp. Torstein var meget god i buret, mens Mads, Martin, Brynjar og Mathias beit godt frå seg i duellane mot gode Trottarar.

Elles kjekt med mykje folk på tribunen. heile 106 navn på lista:-)

Laget: Torstein, Mathias G., Tarmo, Sigurd, Vegard, Mathias HE, Martin, Anders, Brynjar, Mads, Sander, Isak, Kristoffer, Simen, Edvin, Hallvar, Aref.

Christian, Per Einar, Tore.