5. divisjon damer: Arna/Bjørnar 3 – Trio 2-2 (0-0).

Damelaget tok turen i Trio-bussen til Arna for serieåpninga si søndag. Eit rutinert og ballsikkert heimelag med fleire tidlegare toppseriespelarar tok i mot eit purungt Trio lag. Laga stod godt til kvarandre og prøvde begge å spele ball langs bakken. Med 2 gode forsvar vart det imidlertid ikkje skapt dei heilt store sjansane i første omgang. Mirka var nærmast for oss med ein susar like over. Lea Sofie Dalland var tilbake i Trio buret for første gang siden 2015 og varta opp med ein klasseredning frå kort hald på A/B sin største sjanse. Mållaust etter 45.

Andre omgang åpnar seg litt meir opp etter kvart som laga blir meir sliten. Vi er minst slitne og dominerer denne omgangen. Vi går og opp i 1-0 på vakkert vis. Cecilie fanger opp ein ball nede ved cornerflagget. Drar elegant av ein spelar og slår ballen hardt “45” til ei møtande Synna som breisider den kontant opp i lengste kryss. Klasse-scoring! Leiinga varte ikkje meir enn eit minutt, då A/B noko tilfeldig og enkelt kjem seg fri frå høgre og sett den utagbart i lengste hjørne. Like langt. Herifrå og ut kjører vi kampen og det ligg eit Trio mål i lufta. Lea er knapt i ballen i andre omgang og har heller ingen sjanse når ein A/B spelar får drømmetreff på halvvolley frå 25m og ballen dett ned i krysset. Ufortent på dette stadiet og kun 7min igjen! Men, vi gir oss ikkje og ikkje lenge etter setter Synna sitt andre etter nok eit fint angrep. Ida er svært nær å avgjera i sluttsekunda, men det blir redda på strek. Dermed 2-2 og poengdeling i ein bra gjennomført kamp av laget.

Trio: Lea Sofie, Malin, Ingeborg, Selma, Mariel, Cecilie, Sofia, Synna, Ida, Ester, Mirka, Annie, Sophie, Jenny.

Takk til Ragnvald for trygg kjøring av Trio buss:-).

Kristine og Per Einar