Tysdag kveld var det duka for eit spanande toppoppgjer i Valeparken. Trio G13-1 hadde besøk av Odda som leia serien to poeng foran nettopp Valegjengen. Odda har hatt ein forrykande sesong med bare eit einaste tap sidan start i vår, men Trio-gutane har vist gjennom haustsesongen at dei verkeleg kan vera å rekna med i toppen og har 6 sigrar og 1 uavgjort dei siste 7 kampane.
Og for eit oppgjer da blei, underteikna kan ikkje huska at blodpumpa har pumpa så intenst under ein kamp sidan Liverpool møtte AC Milan ein sein mai-kveld i 2005…
Me blei einige før kamp om å køyre same taktikk som mot Bremnes i forrige kamp, med fokus på å gi alt i duellane og ikkje gi Odda noko gratis. Odda har nokre svært gode spelarar som er inne og yppar seg på kretslaget og desse er svært vanskelege å handtera, men me klarte det relativt bra. Begge lag skapa store sjansar den fyrste delen av omgangen, men det var Trio som opna målkontoen fyrst. Tristan blei spelt nydeleg fri av Emil og kjempa hardt med to forsvarar rundt seg, men klarte å pirke ballen elegant forbi ein utrusande keeper. 1-0.
Deretter fulgte Odda med nokre store sjansar der forsvar og keeper Fredrik ordna greit opp. Noko ufortent, så kom plutseleg Sander gjennom og ordna 2-0 med ei herleg avslutning i det lengste hjørna bak keeper. Etter dette tok Odda litt meir over kampen og snudde kampen på 10 minutt. Her var me litt for lite kyniske og slapp Odda til nokre relativt lette mål som kanskje burde vore unngått. Det stod dermed 2-3 til pause.
I pausen vart me einige om å fortsetje med det knallharde presset med starta fyrste omgangen med, samt å unngå altfor mange lange ballar som me har ein tendens til å ty til når me vert pressa.
2 omgang starta bra frå vår side og me kom til fleire nestensjansar i byrjinga, dessverre så kom det eit mål imot etter ein liten missforståelse blant våre spelarar…
Heldigvis så unngjekk me å henge med hovudet og heller fortsatte å trøkke på. Me skapa fleire gode sjansar og stressa Odda spelarane bra. Blant anna fekk me oss ein straffe som Emil klinka i tverliggar og over. (Eg trur tverrliggaren dirrar enda.) Halvvegs i omgangen fekk me endeleg løn for strevet, då Tristan dribla to spelarar på venstre kanten og skar inn foran mål. Frå nesten død vinkel skaut han ballen iskaldt i mål. 3-4. Me fortsatte eit knallhardt press framover, medan forsvaret og keeper Andreas rydda greit opp i det so Odda skapa andre vegen. 15 minutt før slutt kriga Sander inn ei velfortent utlikning på eit frispark som Emil slo inn foran mål.
Mot slutten av kampen var det to lag som begge ynskja siger, det var knallharde duellar og kamp om kvar einaste ball. Begge lag skapte store sjansar, utan at det vart mål. Tre minutt før slutt vart me litt for offensive på corner og gløymde det defensive ansvaret vårt. Odda kontra og etter mykje klabb og babb foran eige mål, scora dei til 4-5.
Trio hadde ein stor sjanse i siste minutt av kampen, der både trenarar og ein relativt full tribune trudde at ballen trilla over målstreken, men keeper fekk akkurat hendene på den. Her var det snakk om centimetre… Kampen enda med 4-5 tap, men fy flate for ein innsats og vilje det budde i Trio-gutane denne kampen. Gutane kjenner sjølvsagt på ein enorm skuffelse, men eg håpar me tek med oss alt det positive og ikkje minst at me kan hamla opp med gode lag kva tid som helst.
Nok ein gong er det ein stolt trenar som ynskjer å takka for ei strålande underhaldning. Eg tippar at samtlege som tok turen i Valeparken i kveld, fekk servert ein kamp som sit att i minnet.
Takk til Fredrik for strålande redningar og beinparadar.
Takk til Andreas for herlege utrusningar og stålkontroll på det som kom av høge ballar.
Takk til Emil for iherdig jobbing både i forsvar og midtbane, samt nokre herlige langpasningar.
Takk til Andrè for å styra forsvaret med stødig ro og knallharde duellar.
Takk til Joar for knallhard kjemping og gode defensive involveringar.
Takk til Julian som bidrar med flott posisjonering, gode taklingar og herleg ro med ballen.
Takk til Magnus for ei fantastisk jobbing og tøffe duellar.
Takk til Andri som jobbar som ein islandsk viking over heile banen.
Takk til Sondre som bidrar med flotte dribleraid og iherdig jobbing både offensivt og defensivt.
Takk til Jonas for eit fantastisk smittande humør og enorm jobbing over heile banen.
Takk til Eirik for ein intens innsats på midtbanen, iskalde og presise gjennomspel.
Takk til Brage for ein slepen teknikk og iskald ro med kapteinsbindet godt teipa rundt bicepsen.
Takk til Trym som jobbar iherdig og slår nokre cornerar som Premier League spelarar misunnar han.
Takk til Tristan for knallhard jobbing og iskald ro aleine med keeper.
Takk til Sander for knallharde skot, rå duellar og god kjemping.

TUSEN TAKK gutar, for ein svært underhaldande kveld i Valeparken!

-Trond Thorsen