Laurdagens 3-/6-timarsløp i Husnes idrettspark vart ein stor suksess. Totalt var 70 løparar med og sprang den oppmålte 683,63 meter lange sløyfa gong etter gong etter gong. Til saman vart det sprunge 2014 rundar, altså 1378 km. Det tilsvarar distansen tur-retur Gøteborg. (Til samanlikning var det i fjor 35 deltakarar og totalt 840 km løpt.)

Det braka laus allereie kl 10 på formiddagen, med 10 ivrige klare på startstreken då Dagfinn Jensen skaut med startpistolen første gong. 6 av dei, 5 menn og 1 kvinne, tok mål av seg til å springe på eiga hand, medan 4 andre var første ut i lagkonkurransen i 6-timarsløp. Tre timar seinare starta så 3-timarsklassen. Der var det 3 lag, og 31 individuelle løparar.

Takk til alle som deltok, og dei som bidrog på arrangørsida. Frida er vår hovudorganisator, men vi må også takke Håkon og Julie frå Ternen for oppfølging med tidtakaranlegget, som vi låner av dei. Løpet kunne sjølvsagt følgast runde for runde i Eqtiming (løpet finn du her), men vedlagt også ei korrigert resultatliste, då det alltid er noko småfeil i logging og registrering.

Olav Kvandal Myklebust var den som sprang aller lengst i løpet, med 88 rundar og rett over 60 km. Eilif Myklebust vart nr 2 i herreklassen med vel 49 km, medan Alexis Sandvik tok tredjeplassen med 45 km. Men det må nemnast at Alexis gav seg då målet om maraton-passering var nådd. Han klokka inn distansen på 3:07:28.
På kvinnesida hadde Liv Berit Jegteberg Lystad ikkje konkurranse, og nådde 48 km. Også for ho var målet maraton, då ho har som ambisjon å nå 66 maraton-løp i år. Dette var det 44., så ho er på god veg :)

Individuelt var det Kenneth Blom og Hildegunn Håland som sprang lengst. Begge med 49 rundar og 33,5 km, etter å ha følgdest åt i alle tre timane.

I lagkonkurransen var Sunde Allstars i ein klasse for seg. Akkurat som i Romjulscupen i innefotball stilte dei med altfor mange spreke karar, som til saman gjorde unna 109 rundar, tilsvarande knappe 75 km på 6 timar. Fjorårsvinnar Husnes Helsesenter tok andreplassen, og kjekt med Familien Sundsteigen Nes på tredjeplass. I 3-timarsklassen var det Trio Young Boys som gjekk til topps. Kjekt at Hydro Husnes mønstra to lag, men det hadde vore enda meir kjekt med enda fleire bedrifter på banen her. Neste år…?

Alexis Sandvik tok føringa frå start i 6-timarsløpet.
Terje Johansen vekslar med Katrine Berntzen Opdal for Hydro Husnes’ seigaste. Begge hadde etappe på 2 timar!
Mangeårig Romjulscupvinnar Sunde Allstars gjekk til topps i 6-timarsklassen.
Trio Young boys vann 3-timarsstafetten. Taktikken var korte etappar og mange vekslingar. Beinhard intervalltrening, med andre ord!
Hydro Husnes reservekraft.
Fjorårsvinnar Husnes Helsesenter tok andreplassen i år. Sprek gjeng!
Ternen IL hadde 5 deltakarar som alle nådde halvmaraton med god margin.