IL Trio friidrett etablerer frå våren 2026 “Trioløpet”. Laurdag 11.april går dette arrangementet av stabelen for første gong. Dette skal bli eit løp der vi famnar flest mogleg: 

  • Løpsklasse med tidtaking: Ei oppmålt og flat 5 km løype frå Husnes stadion, gjennom sentrum og rundt kyrkja, med gode moglegheiter for å perse på distansen.
  • Mosjonsklasse utan tidtaking: Delvis same løype, men 3-4 km lang og trasé for gange eller jogging langs Opsangervatnet. 
  • Barneløp: Ein kort distanse på eller rundt Husnes stadion.
  • Lågterskel tilbod med tilpassa distanse på eller rundt Husnes stadion.

Vi er i gang med planlegging av arrangementet og vonar det kan bli ein folkefest minst på høgde med det gamle, gode Søralløpet, som diverre ikkje lenger eksisterer. Dette skal bli kjekt!

Friidrettsgruppa har elles fastsett tider for alle årets arrangement: 
Laurdag 11.april: Trioløpet 5km løp, konkurranse og mosjon
Onsdag 22.april: Seriestemne på Husnes stadion
Onsdag 20.mai: Seriestemne på Husnes stadion
Onsdag 10.juni: Seriestemne på Husnes stadion
Laurdag 27.juni: Løveleikene for personar med utviklingshemming 
Ons/tor 19.-20.aug: Mangekamp 10-18 år på Husnes stadionLaurdag 22.august: Ultraløp  3t/6t/12t Husnes idrettspark
Laurdag 29.august: Kvinnheradmeisterskap i friidrett på Husnes stadion
Måndag 16.september: Seriestemne på Husnes stadion
Onsdag 14.oktober: Seriestemne på Husnes stadion

Løp til våren. Bileter frå terrengkaruselløp, som Trio friidrett arrangerte for 7-8 år sidan.