Flott cup av June i Bergen, der forsvarsspelaren og scora sitt første mål!

Trio sitt Jenter 16 lag har i helga vore i Vestlandshallen i Bergen for si årvisse deltaking i Bergen Fotballfestival. 200 lag deltok, 481 kampar vart spelt og nesten 3,500 mål vart scora i løpet av dei 2 dagane. Kampformat er 5ar fotball med 18

minutt kampar på flott underlag innandørs. Masse action og stor spenning i kampane.

Vi hadde 2 jamne lag, Trio Rød og Trio Blå med i største klassen i turneringa, Jenter 17 (ikkje 16-års klasse). Med dette møtte vi mange 17-åringar og gjerne noken 18-åringar og i og med at det var rom for 2 overårige pr. lag. Videre hadde mange av klubbane toppa lag, slik at dei beste laga var veldig gode, andre lag frå samme klubb betydeleg svakare. Men jentene beit godt frå seg likevel.

Astrid var på hugget i Bergen og banka inn 3 flotte mål!

Puljespelet lørdag enda med 3. plass i pulje C for Trio Rød – og dermed B-sluttspel sundag. Ei tøff gruppe som inneheldt 2 av dei 4 beste laga i klassen. Her spelte vi ganske jamnt med Nordhordland BK-3, men tapte fortent nok 1-3. NBK-3 tapte sundag finalen i A-sluttspelet. Trio Blå var i ei mykje jamnare pulje, der dei slo Masfjord og NBK-4, men rauk på eit 1-6 tap mot Sotra Blå. Dermed 2. plass i pulje D og A-sluttspel. Her hadde arrangøren/systemet klart kunststykket å ha D1-D2 i sluttspelet, dermed ny kamp mot Sotra Blå som hadde slått oss klart laurdagen. I oppgjeret sundag kl. 10.00 var det heilta andre boller. Det er ein jevn kamp med sjansar begge vegar. Til slutt får Ida inn eit bra skot og 1-0 til oss. Cecilie stod i mål for dette laget og sto som ein levande vegg. Til slutt måtte ho kapitulera, dermed 1-1 og straffekonk. Denne gongen trakk Sotra vinnarloddet og dermed kvartfinale for dei. MEGET bra innsats av våre jenter!

Cecilie imponerte med flotte scoringar rette vegen og storspel som keeper i neste øyeblikk.

Trio Rød møtte Smørås i 1/8-finale i B-sluttspel. Her er vi beste laget og vinn 2-0 etter 2 mål av Julie. Kvartfinale mot NBK-2. Her var eit døme på ulikt nivå, Trio laget vinn 11-0 mot NBK-2 i B, mens NBK-3 var i finale i A. I semifinalen mot Eidsvåg verka det som fleire begynte bli tomme for energi. Vi kjørte heile kampen, men fekk 2 uheldige mål i mot. Samtidig brant vi haugevis med sjansar og det stoppa med Synna sin redusering. Dermed 1-2 tap.

Ellers imponerte 13-års laget til Ternen stort på cupen. Utan 3 gutar som var på sonesamling laurdag, klarte dei 7 andre å kvalifisera laget til A-sluttspel gjennom puljespelet. Med fullt lag sundag, måtte gode lag frå både Gneist og Kjøkkelvik sjå seg slått av Ternen gutane og radarparet Øystein Ersland og Vegard Saghaug på linja. Det stoppa til slutt i semifinale i A-sluttspelet, etter tap 2-4 i ein jamn kamp mot Bønes som kunne bikka begge vegar. Det lovar uansett godt for framtida. Dette er gutar som no gradvis tar steg inn i Trio lag og allerede trenar med Trio på Kvednabekkjen.

Glade gutar som imponerte i Vestlandshallen i helga!

Ei kjempehelg både fotballmessig og sosialt. Enkelt og greit:-)