G19, 3. div: Trio – Odda 6-0 (5-0).

Etter storkampen mot Trott forrige veke, kunne Trio sikra puljesiger med minst eit poeng i heimekampen mot Odda tirsdag kveld på Kvednabekkjen. Kampplanen til Tore var å gå hardt ut og avgjera tidligt. Dette lukkast i ein tidvis bra 1. omgang, der ein produserte mykje og avgjorde det heile før kvilen.

Vi svir dei 2-3 første 100% sjansane som blir skapt, før Vegard på eit godt løp bakfrå sender oss opp i 1-0 etter langpasning frå Anders. Dette løyser ut noken flotte angrep. Først 2-0 ved Martin etter klasseangrep på venstre sida, der Sander slepp til Vegard som kjem på overlapp og innlegg. Martin setter like etter 3-0 på ein volley med venstre, trur alle, men VAR bussen meinte han var i offside (!?). Så eit angrep etter boka på høgre. Brudd av Mathias G., frispeling av Mads, 45 ut til Emil og kontant i hjørna til 3-0. Flott angrepsspel! Mads setter sjølv 4-0 etter assist frå Martin, før Emil hæler inn 5-0 etter forarbeid Mads og Brynjar. Dette vert og pauseresultatet.

Flott sesong av Mads, 3 målpoeng også i kveld!

 

Vi hadde ein særdeles sterk benk i dag og alle kom inn og spelte heile andre omgang. Denne vart det lite struktur på, mange offside og andre avblåsingar. Vi dett og ein god del i prestasjon, ikkje heilt unormalt med 5-0 i bagasjen allerede. Marcus er frampå midtvegs i omgangen etter fint forarbeid av Hallvar. Live oppdateringa ville ha det til at evigunge Kjell Arne Olderkjær Larsen hadde gjort comeback, men det var sonen Lars:-). Kjekt å sjå Lars i gang igjen etter masse knetrøbbel.

Om det ikkje er noko KM-spel, så er den historisk korte 2020-sesongen over for G19. Flott gjennomført av ein kjekk og flink gjeng!

Christian, Per Einar og Tore.