G19, 3. div Hordaland, Trott – Trio 1-6 (0-3)

Det måtte kunna kallast ein seriefinale når Trott og Trio sine G19 lag barka saman i Prestegardsskogen tysdag kveld. Trott ville behalda ledelsen med minst uavgjort, mens dei 15 Trio gutane måtte vinna for å overta teten med ein kamp igjen å spela. Trott mangla noken pga virus-karantene, mens Trio mangla Mathias HE, Hallvar og Sander S av dei som har vore med regelmessig i år. Det enda 2-2 i eit tøft oppgjer på Husnes og vi venta eit tett og jevnt oppgjer også i kveld.

Trio får ein draumestart når Sander kjem fri venstre og får lagt ut igjen i feltet. Målsniken Emil let seg ikkje be 2 gonger og sender oss i leiing før minuttet er passert. Trio laget er verkeleg påskrudde og har eit enormt trøkk i press spelet første 25 minutta. Dette gjev uttelling og Emil doblar til 2-0 etter assist frå Mads etter 13 minutt. Deretter tåar han inn det tredje i hjørnet 10 minutt seinare, denne gongen igjen servert frå venstre av Sander. Siste 20 av omgangen er Trott beste laget og bare ein god Torstein hindrar redusering før kvilen.

Trott fortsett å jaga redusering etter pause, derfor er det særs befriande når Emil etter 6 minutt av omgangen kjem seg til innlegg med venstre foten og Mads kontant nikkar dette i nettet til 4-0. Trott reduserer på ein straffe som ingen skjønte noko av, før Marcus er frampå 2 gonger. Først etter eit klasseangrep der Martin slår han gjennom blindt/direkte med venstre, deretter er han våkent frampå ein retur frå keeper etter skudd frå Brynjar.

Ekte hattrick av Emil i toppkampen mot Trott i kveld. Her i aksjon som 5-åring på minicup:-)

 

Alt i alt ein meget bra gjennomført kamp av heile LAGET. Torstein var god i mål, Sigurd skilte  seg ut i forsvar. Brynjar og Anders var best på midten, spesielt defensivt, mens Emil og Marcus får ros for hhv hattrick og 2 scoringar.

Laget i dag: Torstein, Mathias, Tarmo, Edvin, Vegard, Anders, Martin, Mads, Brynjar, Sander D, Emil, Sigurd, Kristoffer, Marcus, Isak.

Neste og siste match er heime mot Odda tirsdag om ei veke. Eit poeng der vil sikra puljesiger for laget.

Christian, Per Einar og Tore:-)