I helga tok Trio G15/16 turen til Haugesund for å delta på Regy Cup. På høg tid med cupdeltaking, etter halvanna år med avlysingar. Det vart berre så vidt denne gongen også. Arrangøren kunne ikkje tilby skuleovernatting, då Haugesund var på gult på den tida avgjerdene måtte bli teke. Men vi har jobba dugeleg med dugnad og hadde pengar til hotellovernatting. Det måtte bli med ei natt, så vi reiste nedover grytidleg laurdag morgon. 27 spreke og ivrige gutar, og den 28.kom seinare på dagen etter å ha gjort unna eigen konfirmasjon.

Vi hadde delt oss i to jamne lag og fekk hhvis 3 og 2 innleiande kampar laurdagen, då eine motstandarlaget hadde trekt seg. Sportsleg gjorde vi det sånn midt på treet. Mykje å gå på i å halde roen og betre pasningsspelet langs bakken. Men innsatsen var bra og det endte med eitt lag i A-sluttspel og eitt i B-sluttspel dagen etter. Der vart det stopp for Trio 1 i kvartfinale i B-sluttspelet mot Stord, som vi også møter i serien i haust. Stordabuane gjekk heilt til B-finalen. Så var det Trio 2 sin tur, og det var møte med puljevinnar Nord frå Haugesund i A-kvartfinale. Etter at Nord scora på eit draumetreff før minuttet var gått, kjempa vi oss inn i kampen og kriga så busta fauk. Det vart med ei fin utlikning av Elias, men vi hadde flest sjansar og var nærast sigeren. I staden endte det med straffekonk, og der tapte vi etter å ha scora på 4 og bomma på 2. Uansett bra prestasjonar av Trio 2, som slo Vadmyra i ein temperaturfylt kamp på laurdagen, før turneringsvinnar Sandved vart for sterke i andre kampen.

Sondre Eikenes scorar sikkert i straffekonken og var Trio sin beste spelar i helga.

Så var det heimreise for halve gjengen, medan andre halvparten med Trond og Are i Triobussen vart att for å sjå Trio G13 i semifinale og seinare finale. Særs spanande, og vi var med og bidrog til god stemning og høglydt heiing.