Friidrettsgruppa i IL Trio har oppretta eit fond for å stimulere ungdomar til å halde fram med aktiv friidrett og søke å kontinuerleg forbetre eigne prestasjonar. Fondet er oppretta for utøvarar i alderen 12-18 år i det aktuelle året. To gonger i året er det premiering med 2000 kr til den utøvaren som har forbetra ein personleg rekord mest (basert på Tyrving-tabellen).

Fondet er oppretta frå 2024 og vil i første omgang vare i 3 år (sesongane 2024, 2025 og 2026). Det vert utdelt to gonger i året, og første utdeling blir dermed 30.juni 2024.