«Skadeforebygging» og«forsikring» er såpass sentrale tema i prosess med å bli Kvalitetsklubb, at det erkrav til noko grundigare og målretta informasjon på desse tema frå klubben tildei ulike laga.

Forsikring;

Dette er dekka av kap. 11 i vår klubbhåndbok som ligg på vårheimeside. Basis for alle i Trio Fotball er at ein er dekka av «Lagsforsikring»som klubben opprettar for alle sine lag. Medlemsavgift og treningsavgift somkvar spelar betalar, er med på å finansiere dette. Når uhellet først er ute, kandet vera ønskjeleg med raskare og betre hjelp/behandling enn det ein kan fågjennom lagsforsikringa.

For dei som ynskjer å sikra seg best mogeleg i sliketilfeller, så tilbyr NFF «utvidet forsikring». Dette er ei individuellforsikring og må opprettast av spelar/føresett – det vert ikkje gjort avklubben. Prisen på denne forsikringa er i 2019 kr. 1.450,-.

Skadeforebygging;

Dette er dekka av kap. 8 i vår sportsplan som ligg på vårheimeside. Vi er ein liten klubb, med fleire marginale lag som ikkje tåler mangeskadeforfalla. Viktigaste vi kan gjere for å forebygge skadar er å sjåviktigheten av ei god og grundig oppvarmingsøkt. Vi må vera trygge på atmuskulaturen er varm før vi begynner med øvingar/spel som inneber eksplosivebevegelsar og større påkjenningar. Anbefalinga frå NFF til oppvarming finn depå www.skadefri.no.

Ein vil aldri heilt klara å unngå skadar. Typiske gjengangararvil vera strekk og ankelovertråkk. Ved kraftige ankelovertråkk vil ein førstmåtta ta det med ro til heving og smerter har roa seg. Deretter er det viktig åteipa ankelen til trening/kamp ein periode. Samtidig er det og anbefalt å brukabalansebrett for å prøva bygga opp igjen funksjonaliteten i leddbåndet iankelen.

Her finn ein meir om skadeforebygging og-behandling: http://skadefri.no/idretter/fotball/

Mvh
Per Einar Gjerding
Kvalitetsklubbansvarleg