Trioutøvarane Kenneth Blom og Ronny Nordal er i helga i Sandnes og deltek i «Ironman 70.3» triathlon. Dei er altså med på distansen 70.3, som er halvparten av av ein full Ironman. Det betyr 1,9 km svømming, 90 km sykling, før ein avsluttar med halvmaraton med løpeskorne på. Ei noko middels påkjenning i varmen, får ein tru.

Kenneth stiller i klasse M60-64, medan Ronny er berre ungdommen og deltek i M45-49 år.

Kenneth gjorde unna svømminga på 34,5 minutt, medan Ronny var minuttet bak. Men Ronny er sterkare på sykkelen og gjorde dei 9 mila unna på 2.34 timar. Kenneth på 2.41. Altså var Ronny i gang med løpinga ca 7 minutt før Kenneth.

Ronny leverte eit sterkt halvmaraton med 1 time og 38 minutt, og ei snitt km-hastigheit på 4.40 minutt. Det gav han 11.plass i klasse M45-49 år med totaltida 4 timar og 53 minutt. Det var også 54.plass av alle i herreklassen (296 deltakarar). Når han etter rapportane slit med tennisalboge og betennelse om dagen, må dette vera høgst godkjent.

Kenneth brukte 1.42 på sin halvmaraton (tilsvarar 4.52 minutt/km) og fekk med det totaltida 5.03 (5 timar og 3 minutt). Vel minuttet bak tida hans i fjor, og det er sterkt i denne varmen. Med det vart han vinnar av klasse menn 60-64 år, etter å ha passert sin næraste konkurrent om lag midtvegs i løpsetappen.