Det har vore stille på referatfronten frå G15-16 siste vekene, men det betyr ikkje at vi ikkje har spelt kampar, berre at det har vore lite tid og ork til referering. Her er ei veldig kort oppsummering.

Vi har ein gjeng og to lag på dette alderstrinnet, og det same har Rosendal. For om lag 2 veker sidan var vi i Uskedal og spelte dobbeltkamp. Dei eldste først ut og sjølv om vi leia 1-0, så endte det med tap 1-3. Før det vart 2-4-tap i den andre kampen på uvant grasunderlag.

Så har vi hatt to kampar mot vårt gode G14-lag. Dei skal spele i 1.divisjon Rogaland i år og skal faktisk i gong med fleire seriekampar allereie no før sommaren. Hordaland fotballkrets har prioritert seriespel for Bergenslaga, og kjem difor ikkje med skikkeleg serieoppsett i Sunnhordland før til hausten. Nok om det. Første oppgjeret gjekk vi sigrande ut av med 4-3 på dommarens blokk. Andre kampen i slutten av sist veke var ein ussel levert førsteomgang frå vår side, medan vi reiste oss litt og vann den andre, slik at resultatet vart 4-1 favør G14.

I kveld var det så returdyster mot Rosendal på Kvednabekkjen. Også i dag dei eldste ut først i ein kamp som endte 1-1. Odin scora på retur etter godt skot frå Daniel, medan Rosendal svara på corner kort før pause. I kamp 2 vart det så ei ny jamn dyst. Ex-Triostjernespelar Yasan sendte Rosendal to gonger i leiing, men kvar gong svara vi. Først ved Vegar, så ved Mohammed. Og 12 minutt før slutt sette Noah inn sigersmålet. Altså 3-2 i sluttresultat. Godt frammøte av våre i dag, heile 25 av totalt 26-27 gutar vi har på blokka. Og på måndag har vi lovnad om å få ein ny mann på trening, kjekt :)
Så ligg det an til nokre treningskampar mot Odda i dei komande vekene.

– Ein noko fråverande fjerdetrenar AreU