Trio G16 har gjort unna eit par treningskampar. Sist veke brynte vi oss på juniorlaget, medan dagens motstandar var Rosendal.

Trio G16-Trio G19 2-5
Å møte juniorlaget skulle vera motstand i tøffaste laget, men vi gjekk frekt ut og Abel stjal ei feilpasning og scora sikkert tidleg i kampen. Sidan hang vi bra med, men i einskilde situasjonar kom vi til kort mot juniorane sin Preben Elkjær. Maikren storma inn to mål før pause og eitt kort etter. Vi hadde våre gode tilbod, men i staden auka Daniel og Hallvar til 1-5, før Tristan reduserte til 2-5, som vart sluttresultatet. Vi fekk ikkje gehør for forslaget om at siste målet vinn. Uansett mykje bra å ta med seg og det var ikkje så stor skilnad på laga, sjølv om dei har eit par år med musklar, fart og ferdigheiter på baken.

Trio G16-Rosendal 5-3
Mot Rosendal var kamputviklinga heilt motsett. Vi hadde planar om å gå ut med høgt press, men fekk ikkje det til og starten på kampen vart ein tanke laber. Rosendal gjekk også i leiing etter 12 minutt. Men etter det kjempa vi oss inn i det og skapte sjansar. Abel fekk to, servert av Fredrik og Tristan, men lobb over og skot på keeper gav ikkje utteljing. I staden var det Tristan som utlikna, då han kom åleine mot keeper etter ei ultrapresis bakromspasning av Emil. Rosendal gjekk likevel til pause med 1-2-leiing, då dei fekk ny føring på ei kontring. Men vi hadde vore minst like gode og Andri og Michael hadde kvar sine sjansar på gode angrep, som hadde fortent målsus.

Vi heldt fram med å ta godt tak i det etter pause og Tristan utlikna då han snappa ei feilpasning, tuppa ballen forbi keeper og rulla den i tomt mål. 3-2 kom 10 minutt seinare, då Michael fekk att ballen etter corner og slo inn ein ball mot bakre stolpe som datt inn i nettet bak ein forfjamsa keeper. 4-2 fekk vi på iherdig jobbing etter corner og André var den som til slutt kjempa den inn. Rosendal svara med redusering på direkten, men like på direkten putta Tristan inn det avgjerande 5-3-målet. Don’t try this at home folks, ein herleg chip ned i nota frå Tristan etter ein like herleg chip inn i bakrom av Emil. Klasse!

Neste helg er det Zinken cup og rett etter påske brakar det laus med seriestart. Vi skal ha to lag i serien og etter rapportane er det internkamp som står først på agendaen.