15- og 16-årsklassane er slått saman i Hordaland i år og både Trio og Rosendal mønstrar to lag til årets seriespel. Rosendal har ei stor 16-årsgruppe og lita 15-årsgruppe, som er slått saman. Sjølv er vi i delte grupper enno og vår gjeng er utelukkande 15-åringar. I kveld var det duka for dobbeltkamp i Rosendal, og neste helg blir det retur på Husnes. Medan første kampen endte 1-0 favør heimelaget, endte vår kamp med 6-2-tap. Men det var jamnare enn som så.

Kampen starta med at vår bestemann i dag, Martin, redda ein straffe etter ein slags hands i feltet. Men så tok det berre eit par minutt før Rosendal sin raske venstrekant sprang gjennom og sendte heimelaget i føring. Så var det jamnt lenge, inntil Rosendal scora to raske midt i omgangen. Første eit litt slurvete baklengs for oss, så årets mål ved ein susar i vinkelen frå 25 meter. Ikkje noko å vente med :)
Vi svara med eit velplassert skot i hjørnet frå Elias, etter at Mohammed snappa ei feilpasning og dermed sto det 3-1 midtvegs.

Rosendal la på til 4-1 ti minutt ut i andre omgang, då vår mann på back gløymde fullstendig ut å dekke i feltet. Så vart Elias spelt gjennom og felt av keeper då han runda. Hadde nok blitt raudt kort i seriekamp, men vi nøyde oss med frispark, som Mohammed sikkert hadde fått poeng for om det var amerikansk fotball. Langt over alle verdas tverrliggjarar. Men redusering vart det likevel på eit fint angrep: Innlegg frå Gunnar, Noah legg ned til Elias, som sikkert prikkar den inn. Og då Elias like etter vart spelt gjennom på nytt, var vi på veg inn i kampen for fullt. Men tåsparket åleine med keeper vart redda, og i staden var det Rosendal som punkterte på tampen med to mål i kampens siste minutt. Fortent nok, dei var eit hakk større og sterkare enn oss. Men vi et graut for harde livet og har tenkt å bli svære karar etter kvart, vi og. Forutan keeper Martin, var propellen Jonas vår beste i dag.
Som sagt, returdyst neste søndag :)

Kampfakta frå Rosendal kunstgras: G16: Rosendal-Trio G15 6-2 (3-0)
1-0 (6 minutt)
2-0 (21 minutt)
3-0 (27 minutt)
3-1 (32 minutt) Elias Ulbi
4-1 (55 minutt)
4-2 (68 minutt) Elias Ulbi
5-2 (79 minutt)
6-2 (80 minutt)
Trio G15: Martin Fjeldstad Smith, Michael Løland, Brage Kvandal, André Nordøy, Edvard André Nessestrand Ingvaldsen, Jonas Hjelmeland Naterstad, William Heggøy, Vegar Seljelid Joleik, Noah Smith, Gunnar Eikemo Steine, Elias Ulbi, Mathias Veastad, Mohammed Aljajan.