I helga braka ungdomar i alderen 13 og 14 år frå dei ulike friidrettskretsane i hop til dyst under dei årvisse Lerøyleikene. Dette er ein kretskonkurranse der kvar krets plukkar ut sitt lag, og altså blir friidrett ikkje berre individuell idrett med også lagkonkurranse. I år gjekk dette føre seg på Ålgård i Rogaland og 3 av Trio sine utøvarar var med i Hordaland sin tropp. Det var Mathias Skauge Griggs, Andrei Bringedal og Alexandra Tveit Rosendahl. Alle beit godt frå seg i øvingane dei var plukka ut til å representere i. Lerøyleikene er ikkje berre eit stemne, men også teambuilding med mykje sosialt og overnatting på skule.

Mathias Skauge Griggs deltok i G13-klassen og tok 5.plass i kule med 6,64, som er ein cm bak persen. I diskos vart det 8.plass med 17,52 og det er pers med over 4 meter! Søndag tok Mathias 4.plass i spyd med 25,96, som er hårfint bak persen. Synd han ikkje også vart plukka ut i slegge, det hadde gjeve Hordaland enda fleire poeng :)

Andrei Bringedal deltok i G14-klassen og sette ny pers med 4,94 i lengde (biletet over). Det heldt til 9.plass. Diverre gjorde ein strekk i hofta at han måtte melde pass til 200-meteren dagen etter.

I J14-klassen deltok Alexandra Tveit Rosendahl og ho tok sølv på 60 meter hekk med 10,23. Det er pers med 3 hundredelar. Her vart Cecilie Sundal Utne frå Rosendal nr 6 med 14,25. Også i lengde vart det sølv til Alexandra med 4,82, som er 6 cm lenger enn persen. Søndag vann Alexandra høgde med tangering av persen på 1,46, trass sterk konkurranse frå ei jente frå Haugesund. Og det vart 3.plass på 200 meter hekk med 34,03, som er betring av persen med 17 hundredelar. Her vart Cecilie Sundal Utne frå Rosendal nr 6 med 44,91. Tillegg: Cecilie deltok også på 600 meter (1.56,13) og 1500 meter (5.27,58), begge deler pers med god margin!

Til saman gjorde dette at Hordaland vann lagkonkurransen med 203 poeng, føre Rogaland (190) og Agder (154). Godt jobba!