Sander til venstre og Ådne til høgre var godt nøgde med eigen innsats. Foto: Evelyn Opsanger.

I helga hadde Trio friidrett har to utøvarar med på Lerøylekene, som er stemner med der dei ulike friidrettskretsane konkurrerer mot kvarandre.

Kretsane er fordelt på tre stader utover landet, og Hordaland vann stemnet med stor margin til dei andre kretsane, Sogn og Fjordane, Rogaland og Innlandet. I Hordaland sin 70 utøvarar store tropp var både Ådne Opsanger-Tveit og Sander Sæverud Jensen tekne ut.

Ådne deltok i heile 4 øvingar. Laurdag hoppa han først 4,42 meter i lengde. Ny pers med 2 cm krona ein imponerande stabil serie med 5 hopp over 4,25. Men det heldt berre til 7.plass i eit sterkt felt, i den tekniske øvinga med flest deltakarar. Så vart det 5.plass på 60 meter hekk med 10.91. Berre 3 tidelar bak andreplassen, som hadde tilsvarande tid som Ådne hadde på seriestemnet tidlegare i veka. Søndag formiddag fekk Ådne så bortimot fullklaff på 200 meter hekk. 33,85 gav 3.plass i øvinga, før Ådne varta opp med ny pers og 1,46 meter i høgde. Dermed samla han heile 7 poeng til Hordaland sin pott på søndagen. 

Sander deltok laurdag i stavsprang. Der tok han 4.plass og sikra 2 poeng til Hordaland, då han svingte seg over 1,62 meter. Eit resultat han sjølv rett nok ikkje var særleg nøgd med. Søndag deltok han i spydkast, og med eit framifrå kast i sjette og siste omgang, tok han også der 4.plassen. 26,86 meter er ny pers!

Altså gode prestasjonar, og også ei minnerik helg med felles bussreise med Hordalands-laget, overnatting på skule i Byrkjelo og sjansen til å treffe jamnaldringar som også driv med friidrett.