Brage Kvandal har storspelt i sesonginnleiinga og fekk seg ein velfortjent blåveis i premie mot Bremnes, og til og med ei scoring mot Trott.

16-åringane har to lag i serien og då blir det kort mellom kampane. Det er slik vi likar det. Vi hadde årets kortaste bortetur til Uskedal på måndag og tapte 4-3 for Rosendal 2 i ein uff av ein fotballkamp. Når vi tek med at Tristan (2) og Abel scora måla, så treng vi ikkje seie meir om den.

Så var det bortetur til Bømlo på torsdag. Møtet med Bremnes 2 vart ein veldig merkeleg kamp, som svinga enormt i prestasjonane. Vi vann til slutt 4-6 og såg i starten ut til å vera fleire hakk betre enn motstandaren. To mål av Elias og Tristan på første fem minutta etter strålande angrep, gjorde oss kanskje litt for høge på pero. For vi slutta heilt å spele ball og heimelaget snudde kampen til 3-2 før pause. Så klarte vi å samle oss etter kvilen og då var det vår tur til å snu kampen. Elias utlikna då han vrengte ballen praktfullt i hjørnet frå 20 meter, og kvarteret ut i kampen scora Elias sanneleg sitt tredje. Fredrik auka til 3-5 før heimelaget reduserte på ei kontring, men vi ville mest og hadde taket på det. Med 7 minutt att på klokka vann Abdi og Andri viktige duellar i feltet og til slutt dukka Elias opp åleine på bakerste stolpe. Det var heilt sikkert offside, men så lenge dommaren ikkje blas, kunne Ulbien notere si fjerde scoring for dagen. Trass i begrensa treningsgrunnlag og så som så med kondis.

Laurdag var det så heimekamp mot Trott 2, som grunna konfirmasjonar berre mønstra 11 mann for dagen. Vi hadde eit lite overtak i ein heller dårleg første omgang. Vi stressar for mykje og slår bort ballen for ofte med pasningar med for stor risiko. Likevel 1-0 midtvegs, då Vegar oppsiktsvekkjande kontrollert plassert ein retur frå keeper i tomt bur frå over 20 meters hald. Elles hadde Vegar også eit stolpetreff og Andre og Tristan hadde også sine store sjansar. Likevel var 1-0 midtvegs max av kva vi fortente.

Men vi fekk korrigert mykje i pausen og gutane framsto på heilt anna vis i andre omgang. Då spelte vi tidvis strålande og rulla opp det eine flotte angrepet etter det andre. Det er sjeldan vi har sett så god fotball frå småtassane gutane knehønene karane. 2-0 kom etter ti minutt då Lars Eirik spelte fri Tristan og etter det var det midtstopparane sin tur. Andre og Brage K krangla inn kvart sitt mål etter iherdig innsats i feltet. Ekstra kjekt for Kvandal’en, som har imponert i kampane så langt. Dermed 4-0 til slutt og ein komfortabel siger – men først og fremst mykje godt spel i andre omgang!

Ikkje fred å få neste veke heller. Då er det to heimekampar. Først torsdag i internduell mot Trio G15, så heime mot Odda på laurdag. Stas!
Rosendal2-Trio2 4-3 (3-1). Mål av Tristan 2 og Abel.
Bremnes2-Trio3 4-6 (3-2). Mål av Elias (4), Fredrik og Tristan.
Trio2-Trott2 4-0 (1-0). Mål av Vegar, Tristan, André og Brage K.