G13: Trio2-Odda 0-8. Serieleiaren frå Odda har vore utilnærmelege i serien så langt i vår med 37 scoringar på dei 3 første kampane. Men vi klarte lenge å spele jamnt med dei, før det sprakk ettertrykkjeleg til slutt. Her er referat frå Geir Øystein.

Fokuset i garderoben før kamp var å senke skuldrene og ha trua på oss sjølv. Me skal spele fotball og  me skal ha da knakande kjekt. Ha fokus på pasningene og gjenvinne ball fort. Me begynne kampen forsiktig i 2 min, så rulle me opp på høyre sida og William slår eit godt innlegg som Odda får klarert. Me trykke på og etter 13 min må Oddakeeper varte opp med ei feberredning. Oddakeeperen er banens beste. Triogutane kjempar vidare, men Oddakeeperen er i da vansklige hjørnet.

Men så: 29 min 0-1 kjapp kontring i mot. 31 min småfrusterte spelarar, diskuterer i staden for å spela. 0-2. Og 33 min 0-3 samme grunn. Pause.

Me prøver å henta litt motivasjon i frukt og peptalk, men nei. Viser tendenser innimellom, men Odda bytte nokre spelara og då var  17. maifeiringa meir interessant å snakke om hos gutane. 5 kjappe baklengs første kvarteret.

Keeper bytte 10 min før slutt då Martin måtte ut med skade. Første halvtimen var vi gode. Størst pluss i dag til Håkon Georg, som verkeleg gjorde ein formidabel innsats i dag. Klarar vi alle å kome opp på det nivået, blir det bra framover.

G13: Trio2-Odda 0-8 (0-3)

Mål i 1.omg etter 29, 31 og 33 minutt.
Mål i 2.omg etter 39, 45, 49, 50 og 51 minutt.

 

Trio sitt lag:

Martin Fjeldstad Smith, Jonas Hjelmeland Naterstad, Abdisalan Zekeriye, Gunnar Eikemo Steine, Vegar Seljelid Joleik, Noah Smith, Mohammed Aljajan, Brage Kvandal, Elias Ulbi, Håkon Georg Røssland, William Heggøy, Michael Løland.

 

– Geir Øystein Heggøy