Toppserieklubben Sandviken har i fleire år samarbeida med Stord Fotball på damesida. Søndag 16/2 var det treningskamp mellom klubbane sine a-lag for damer på Vikahaugane på Stord. I den anledning ønska Sandviken i forkant av kampen å avvikla ei trening for lokale talent i aldersklassen 14-16 år. Frå Trio vart Ida Lygre, Julie Soma Ersland og Synna Holmedal Gjerding invitert av Stord’s damelag som styrte dette.

Økta vart avvikla søndag mellom 10.30-12.00 og vart leia av Thomas Lyngbø og Atle Ingebrigtsen fra Sandiken’s trenarteam. Rundt 30 jenter fekk mykje ut av økta som i all hovedsak inneheldt teknikk og pasningspresisjon. Trenarane var oppriktig overrraska over det høge nivået i gruppa og ga mykje skryt tilbake til jentene. Våre jenter fekk og gode individuelle tilbakemeldingar på det dei leverte. Kjekt og å “overhøyra” trenarar frå ein toppklubb uttala “det viktigaste med fotballen er å ha det gøy”. Jentene var superfornøgde etter treninga og syns det var veldig kjekt å få vera med og få litt ekstra påfyll motivasjon midt i vintersesongen.

Per Einar:-)