Friidrettsgruppa ønskjer å sende ein stor takk til Dagfinn på Rema 1000 Husnes og Ørjan på Byggern Teigen, som begge velvillig har donert oss ei stor mengde med paller, som vi kunne legge ut høgde- og stavmattene våre på. Desse ligg no ute på stadion og vil tåle regn mykje betre no som pallene let vatnet drenere. For aktiviteten, både organisert og uorganisert, sin del så er det ein stor fordel å kunne ha mattene liggjande permanent ute.