5. div. Kvinner: Osterøy – Trio 2-1 (1-0).

Trio damene avslutta sesongen søndag ettermiddag med bortekamp mot Osterøy. Mange fravær grunna skade, sjukdom og jobb gjorde at eit par småsjuke likevel var med for å få avvikla kampen.

Osterøy viste seg kjapt som eit ballsikkert og velspelande lag. Dei var best første halvtimen og gjekk då og opp i 1-0 på eit strålande angrep der vi rett og slett blir utspelt. Dei glir gjennom i midten og sett ballen kaldt i hjørnet. Då såg det tungt ut for Trio jentene. Men dei gir aldri opp, og med spelande hjelpetrenar Kristine Enæs Medhaug på banen siste timen er vi faktisk det beste laget. Kristine spelar først midtstoppar slutten av første og deretter heile andre som spiss. Det verkar som dei andre får ein boost med dette og heile laget løfter seg. Først eit mønsterangrep med mange trekk og tekniske finessar der Cecilie til slutt legg ut til Synna som knallar til frå 18-19m, like over. Vi blir så bortdømt like før pause då Synna blir tatt like utanfor 16-meteren, men dommar viser fordel for ho skrått venstre mot 2-3 Osterøy jenter, underteikna ikkje heilt enig……Vi spelar meir og meir ball og spelar rett og slett veldig bra i lengre periodar. Synna og Ida blir bedre og bedre utover kampen, jobbar enormt og er sentrale i det meste av det som skjer framover. Utligninga kjem midtvegs i sluttomgangen, der ein perfekt utført kontring ender med flott pasning frå Ida til Kristine. Ho drar ein sjeldent bra skuddfinte med venstre før ho skyt med høgre lavt til sides for keeper frå 17-18 meter. Fortent uttelling og 1-1. Forutan eit innlegg som stryk tverrligger, så har Osterøy lite i andre omgang og det meste foregår på deiras halvdel, med eit Trio lag på jakt etter 3 poeng i årets siste kamp. Så, 3 minutt før slutt, får Osterøy frisparket 3m lenger ute enn der vi ikkje fekk i første omgang. Det går inn i flomlyset og 2-1 til heimelaget, noko mot spelets gang i andre. June Marie får tid til ei siste kule frå 20m, men keeper er med på notane og det ebbar ut med 3 poeng til Osterøy. Vi følte vel det hadde vore rettferdig med poengdeling kampen sett under eitt, men-men.

Då er sesongen over med ei rekke jevne kamper i bagasjen. Vi har ikkje tapt med meir enn eitt mål mot nokon, men fire 1-målstap gjer likevel at vi endte opp midt på treet på tabellen. Vi er noko overraska over det høge nivået på laga i divisjonen, langt høgare enn det vi erfarte i 2019. Ein spesiell takk til Kjell Magnar og J17-jentene som har hjelpt oss med 3-4 jenter til kvar kamp.

Laget i dag: Lea Sofie – Malin, Ingeborg, Mariel, Linnea – Cecilie, Sofia, Synna, Ida, Leah – Annie (Kristine, June H., June Marie, Jenny).

Stig & Per Einar