Søndag 26/5 vert ein supersøndag for jente- og damefotballen i Trio. Klubbens 3 eldste jentelag skal alle i aksjon på bortebane denne dagen.

Damelaget skal til Askøy for kamp mot Østsiden Askøy. Laget ligg 3 plassar og 2 poeng bak Trio, med ein kamp mindre spela. Her går det mot eit jamnt oppgjer som vi håpar damene klarar vippa rette vegen. Kampstart 16.00.

J15 skal på søndagstur til Sauda. Der skal ein spela 9ar fotball etter gammalt mot blåtrøyene frå Sauda. Ut frå tabell er dette ein kamp Trio jentene bør vinna, men slik er no ein gong fotballen at det skal jobbast og spelast først:-). Kampstart 15.00.

J14 skal til Karmøy for kamp mot Avaldsnes/Kopervik. Samarbeidet mellom 2 tradisjonelt sterke klubbar på jentesida har så langt gjeve 7 poeng på 3 kampar og Karmøy laget må nok sjåast på som klar favoritt i oppgjeret. Då er det endo kjekkare å overraska:-). Dei yngste er først ut, kampstart er satt til 12.30 (trenarane vil nok heim i god tid til Brann kampen i kveld!).

Vi ønsker lykke til og satsar på Liveoppdatering! Følg med!

PS! Er du på jakt etter ein kamp å sjå på Kvednabekkjen i dag så spelar juniorlaget mot Skjold kl. 16.00. Møt opp og heia fram gutane mot eit bra lag!