Den årvisse Triostafetten vart halden 1.mai med vergudar i verkeleg godlage. Dermed var det også ein lett sak å sørge for at arrangementet vart vellukka. 20 deltakande lag frå liten til stor og topp stemning på stadion. Her er nokre ord og bileter om stafetten.

For historikarane så var dette 55.gongen Triostafetten vart arrangert. 2013 var siste og 48. året den vart arrangert på Valen i regi av Tjerand Lunde (siste gongen med berre 6 deltakande lag). I 2015 tok vi så oppatt stafetten på ny-renoverte Husnes stadion/idrettspark og i dag var 7. gongen vi har stafetten her, og andre gonger der alt har gått føre seg inne på stadion. I dei siste åra før pandemien var vi oppe i nesten 50 deltakarlag. Det har vi ikkje klart å gjenskape i fjor og i år. 20 lag er ikkje all verda, særleg når vi sjølve i Trio friidrett setter rekord med heile 10 lag frå oss. Men vi sliter med å få deltaking frå øvrige idrettslag og bygder og vi sliter med å få andre grupper i fleiridrettslaget Trio til å ville delta. Vi har litt å hente på å bygge klubb på tvers av gruppene. Å få vaksne til å ikkje ta seg sjølve så høgtideleg og hive seg med, er også stadig meir utfordrande. Men vi som var med hadde det formidabelt kjekt. Vedlagt er resultatlista.

Først ute var rekruttane og dei sprang 4×100 meter, og kvart lag fekk gjere det to gonger. Likevel var det ei sjarmerande oppsummering av eine tassen då han kom i mål: -Var det ikkje meir enn dette? Eg vil gjere det igjen!

I klassane for 11 år og eldre var det 1000 meter stafett som gjeld. Her er etappane på 100, 200, 300 og 400 meter. 11-12-åringane var 4 lag, men då nokre trengte å låne løpar mellom laga, var det delt i eitt heat pr årskull. Eitt lag frå Trio og eitt frå Rosendal i kvar klasse, og her var det Trio som gjekk av med sigeren i begge duellane.

I gutar 13-14 år var Trio friidrett sitt lag einaste deltakar, men tre gutar og ei jente på laget leverte ei råsterk tid. I jenter 13-14 år var det 4 lag. Rosendalsjentene imponerte veldig og med same 4 løparar som i fjor, betra dei tida med 17,7 sekund. Dei tre laga frå Trio fotball J13 tok dei tre neste plassane, dog eit stykke bak. Her var det jamnt og god laginndeling frå trenarane, som også mønstra eit herrelag. Vi må rose Jogeir, Roger og J13-gjengen litt ekstra, då det er veldig kjekt med deltaking på tvers av idrettsgreinene. Og fedre og jenter stilte villig opp, som i fjor.

I klasse gutar 15-16 år vann Trio fotball sitt G16-lag framom Trio friidrett sin gjeng, som besto av 14-15 åringar. I same heat sprang også dei to herrelaga, og her var arrangørlaget frå Trio friidrett hakket betre enn Trio gubbelag, som likevel betra persen sin frå då dei vann i fjor med 3,5 sekund.

Så vanka det premier og is på tampen for å feire god innsats. Takk til alle som bidrog til ein fest av eit arrangement. Og tusen takk for støtta til vår hovudsponsor Tysnes Sparebank. :)

Brukbart med folk på tribuna.
Her ventast det spent på tur.
I sekretariatet ligg laglister, startnummer og stafettpinnar klart.
Oppvarming må til.
Klargjering til start på første etappe.
Maxi og Heine på Trio friidett G12 viser at dei har øvd på veksling.
Malvin og Peder på Rosendal 12 år får det også til.
Startar Dagfinn og heatorganisator Ingunn er klare til å sende i veg rekruttane.
Eilif Myklebust er noko meir nøgd med å ha unnagjort sin 300-meter enn Anders Totland er med å ha sin 400-meter føre seg. Flott innsats frå Trio Gubbelag, som betra tida frå i fjor med 3,5 sekund!
Tor Harald Bringedal har nokre meters forsprang på Eilif Myklebust…
…men Eilif har god heiagjeng i Casper og Håkon.
Når Erlend Nymark Jensen til og med har forsprang ut på sin etappe, er herreklasasen mykje godt avgjort.
Premieutdeling til 11-årslaga.
Rekruttane var godt nøgde med å få medalje. Og is. Først og fremst is.
Trio og Rosendal på pallen i 12-årsklassen.
Heile 4 lag med i jenter 13-14 år. Rosendal øvst på pallen.
Trio fotballs langbeinte 16-åringar med ny stadionrekord i 1000 meter-stafett. Til venstre Trio friidrett 14-15 år, som tok andreplassen i 16-årsklassen.
Kjekk gjeng frå Trio fotball J13, som stilte tre jentelag og eitt herrelag.
Trio arrangør til topps i herreklassen. Framme frå venstre Tor Harald Bringedal og Eivind Kjerpeset. Bak frå venstre Erlend Nymark Jensen og Jostein Klette.
Sølvvinnar i herreklassen vart Trio gubbelag, som persa med 3,5 sekund. Frå venstre Eilif Myklebust, Jogeir Gjerde, Roger Hartveit og Anders Totland. Dette blir det bok av!