G19, 3. div Hordaland, Rubbestadnes – Trio 0-6 (0-1).

16 gutar tok fredag kveld turen til Bømlo for bortekamp mot Rubbestadnes. Rubb stod med 11-0 og 1-4 i sine 2 første kampar og vi venta ut frå det tøff kamp i eit surt haustvær med regn og vind. Rubb viste umiddelbart kva strategi dei hadde, då dei rett frå avspark slo langt. Vår filosofi er noko ulik, få ned kula og spele ball! Dette fekk ein gradvis til og ein fekk grep om kampen og etablert eit overtak. Anders er frampå på ein retur og sender Trio opp i 1-0. Etter dette har Martin ei kule i kryss stanga og Sigurd er nær ved å skli inn eit innlegg på bakre stolpe. Fortent 1-0 ledelse til pause, Rubb skapte ingenting.

Betre uttelling i andre omgang. Vegard kommer seg fri inn mot mål på venstresida og sett frekt 2-0 i lengste hjørne. Deretter ein ekte “Trio corner”. Kort variant som ender med utlegg til Kristoffer som dunker den i hjørnet til 3-0. Banens beste i dag, 16-åringen Vegard, er frampå igjen etter vegg med Anders: 4-0! Så ville broder Mads vera med på festen, 5-0 etter fin pasning fra Hallvar. Hallvar avslutta sjølv ballet med ein kontant markkrypar i hjørnet til sluttresultat 6-0.

Sigurd leverte ein meget bra kamp som midtstoppar mot 3-4 år eldre gutar!

 

Rubb var noko svakare enn vi forventa, men vi leverer ein jevnt bra prestasjon der vi er gode og aggresive i press og får mange gunstige brudd. God flyt i spelet når vi tar med midtbanen og tør bruka tid med ball i oppbygginga. Vegard er nevnt, ellers imponerte yngstemann Sigurd Nilsen på 15 som spelte som ein rutinert ringrev i midtforsvaret. Anders leverte vel og det som må kallast sin beste kamp i Trio trøya.

Anders med scoring og assist og sin beste kamp i Trio drakta!

 

Laget: Torstein, Mathias G., Tarmo, Sigurd, Vegard, Isak, Mathias HE, Mads, Brynjar, Anders, Sander D., Martin, Edvin, Kristoffer, Simen, Hallvar.

Mandag er det duka for det som kan sjå ut som ein tidlig “del-finale” om puljesiger, heimekamp mot tabell-leiar Trott som står utan poengtap som oss. Møt opp og støtt gutane!

Christian, Per Einar og Tore.