Telenor Cup J16: Stord – Trio 4-1 (2-0).

Etter litt kluss med innstilt ferje og sein ankomst til banen på Vikahaugane, gjekk jentene optimistisk til verket mot eit Stord lag med det vi oppfatta som det sterkaste dei hadde i årskulla 2004-2006. Stortalentet Sille Nielsen (14) og A-lagsspelar (2. div) Ida Natvik (15) viste sin klasse utpå kunstgraset. Tanken var å stå høgt frå start, men Stord var såpass ballsikre bak at dei stort sett spelte av presset og kunne då utfordra i meir rom lenger framme. I starten bølgar det litt fram og tilbake og det er jevnt. Vi er slett ikkje ufarlige, men det er heller ikkje ufortent at Stord nettar 2 gonger. Vi går då over til lavt press for å stenga litt meir rom og søka overgangar. Dette funkar veldig bra. Stord skapar lite, mens vi har eit par store der Cecilie vert skubba overende med strak arm i felt og skulle hatt straffe, medan Julie får ein mulighet åleine med målvakt utan å lukkast like før pause.

Malene sleit med ryggsmerter etter tur til åsen i går, men det viste lite. Storspel av Utåker jenta!

Andre omgang fortsett i samme sporet. Vi hindrar Stord målsjansar første kvarteret, men så kjem det ein fantastisk pasning bakfrå som blir tredd mellom back og midtforsvar og dermed 3-0. Så skulle Julie hatt straffe då keeper glipp ballen, Julie stjel den og skal sette då ho vert hekta av keeperen og går overende. Dommar dessverre ikkje enig eller ser det ikkje, Julie bekrefta etter kampen at det var hekt. I staden går Stord opp til 4-0. Om 3-0 var flott, var denne meir tilfeldig og uflaks av oss. Så kjem endele

Flott kamp og straffescoring av Ingeborg!

g straffen, Cecilie blir spelt gjennom og blir meid ned i stor fart. Kaptein Ingeborg har vist seg stødig frå 11-meteren og setter den sikkert i nota.

Ein god fotballkamp ebbar ut med 4-1 til heimelaget. Fullt fortent til eit velspelande og godt Stord-lag, gjerne noko mykje i forhold til store målsjansar, som låg på omlag 10-6 til heimelaget.

Då er Zinken Cup i Odda siste helga i mars neste å sjå fram til, før seriestarten 14. april:-).

Laget: Malene, Malin, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Astrid, Julie, June, Leah, Sophie (alle spelte minst ein halv omgang).

Kristine, Stig og Per Einar:-)