6-åringane Håkon Lillesletten Hirth og Odin Haktorson rasar blide over mål på 40-meteren i sitt første friidrettsstemne. Foto: Helene Saghaug Lillesletten.

Onsdag arrangerte friidrettsgruppa haustens første seriestemne, og for alle dei ferskaste friidrettsutøvarane våre var det første gong med konkurranse på Husnes stadion. Vi starta i haust opp ny gruppe for 1.-2.klasse og sjølv om vi har sett for oss maksimalt 15 utøvarar i gruppa, så har det på begge treningane så langt kome godt over 20. I dag var 18 flunkande nye friidrettsutøvarar på sitt første stemne, og fekk bryne seg både på 40 meter, i lengdegropa og med kast av liten ball. Med tilhøyrande saft og is vart det ein retteleg festdag.

Totalt var det 39 deltakarar på stemnet, frå 6 til 14 år. Ingen vaksne med denne gongen, ei heller nokon frå andre klubbar i Kvinnherad dukka opp. Men likevel altså stor deltaking og mange flotte prestasjonar. Vedlagt er resultater frå stemnet.

Ådne Opsanger Tveit (14) i fint driv på 200 meter hekk. Foto: Leif Thuland.
Årstein Eik gjer seg klar til å måle eit solid lengdehopp av Håkon Lillesletten Hirth.